Frå arkivet: eit dokument om biblioteket i Sund frå 1828 og eit kart som viser vegbygging i Telavåg på 1920-talet
Frå arkivet: eit dokument om biblioteket i Sund frå 1828 og eit kart som viser vegbygging i Telavåg på 1920-talet

Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 20:00
Pris
Gratis
Målgruppe

Digitale arkivglimt tilgjengeleg for deg

Biblioteka/innbyggartorga i Øygarden kommune inviterer til tre spanande arrangement som gir deg små glimt inn i dei mange arkiva som no er gjort tilgjengelege på digitale plattformar.

Har du tenkt på korleis kommunen tek vare på dokumenta sine og kva for interessant informasjon  du kan finne i nye og gamle arkiv?

I desse dagar vert fleire og fleire av arkiva digitaliserte og gjort tilgjengelege til bruk for deg og meg.

 

Vi dukkar ned i dei historiske arkiva og viser korleis du sjølv kan sitje heime i di eiga stove og finne inne fram i den digitale arkiv-arven til dei tidlegare kommunane Fjell, Sund og Øygarden, men og søkje utover det lokale og inn i Interkommunalt arkiv Hordaland og Statsarkivet.

På alle tre arrangement viser arkivarar og historikarar lokale godbitar frå utviklinga innan samferdsel, skule, fattigvesen og næringsliv. Kommunen har også ei spanande krigshistorie som det kan vere interessant å finne meir informasjon om.

Det vert vinkling på kvar stad. Etter foredraga vert det tid til samtale og spørsmål.

 

Rong bibliotek, 12. mai, kl. 18-20

Skogsvåg bibliotek, 19. mai, kl. 18-20

Straume bibliotek, 21. mai, kl. 12-14