Gestaposjefens hemmelige agenter. | Øygardsbiblioteka
Gestaposjefens hemmelige agenter

Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 21:00
Pris
Gratis
Målgruppe

Gestaposjefens hemmelige agenter.

Velkomen til føredrag ved Per Helge Martinsen om tysk infiltrasjon av englandsfarten frå Sotra 1940-45.
Englandsfart var ein hovudoppgåve for motstandsbevegelsen i Bergen og omegn under krigsårene 1940-45. Frå byen gjekk fluktruter til bygder og grender på Sotra, kor det venta fiskeskøyter og andre fartøy for å bringa flyktningane den farefulle vegen over Nordsjøen til sikkerhet i Storbritannia. Den hemmelege båttrafikken vestover gjorde krav på store offer. Veret var ein farlig fiende for flyktningane, og Englandsfarten er ei dramatisk historie om stormfulle overfartar og tragiske forlis. Mindre kjent er at dei tyske hemmelege tenester også opererte på Sotra, og at dei med sine utspekulerte metodar gjorde store innhogg i flyktninganes rekkjer. Ikkje sjeldan ved at listige agentar utgav seg for å vera flyktningar og anga dei som ville flykta. Tidvis utnytta tyskarane også Englandsfarten frå Sotra til å infiltrera sine agentar på motstandsbevegelsens liner til Storbritannia. Ikkje alle desse blei tatt.

 

Per Helge Martinsen (f. 1959) er busatt på Straume, og har skrevet fleire bøker og artiklar med tema frå  okkuasjons-tida, seinast "Hemmelig krig. Bergen og slaget om Atlanterhavet 1939-1945 (Friluftsforlaget, 2016). Føredraget hentar stoff frå neste bokprosjekt, "Kalde spor. Ukjente fortellinger fra okkupasjonstiden i Bergen og omegn 1940-45", og har ikkje tidligare vore publisert.

 

Tags