Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Ope møte parallellopdrag Straume

Er du interessert i utviklinga på Straume? Bli med og del dine tankar på dette møtet.

Korleis ser Straume ut i framtida? Øygarden kommune inviterer til ope kveldsmøte. Her kan du møta arkitektane som utarbeider idear og forslag til korleis Stovevatnet og Straume kan sjå ut i framtida. Arkitektane ønskjer å høyra dine tankar om både kva som er bra og dårleg med Straume i dag, og korleis du tenkjer at Straume ser ut i framtida.

Les meir om parallelloppdraget på kommunen sine nettsider: Klikk her

Innspel:
Innspela kan du gje digitalt via 3D kart her: Parallelloppdrag Straume – Bentley® OpenCities™ Planner. Trykk på knappen for å gje innspel i menyen nedst på sida. Etter at du har trykt på knappen opnar det seg eit skjema som forklarar korleis du deler innspelet ditt.

Eller du kan senda ein e-post til postmottak@oygarden.kommune.no. Merk då e-posten med saksnummer 22/9655