Om dette arrangementet

Tid
16:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Redesign for ungdom

Vil du lære å redesigne klær og sy av brukte tekstiler?

Bli med på gratis redesign-kurs med Sabine Gottwald, som er utdanna skreddar og har mange års erfaring frå tekstilbransjen.

Redesign er miljøvenleg, ein sparar penger og ikkje minst, aukar vi kreativiteten.

Kva kan du nytta gamle klede eller tekstiler til? Vil du ta vare på gamle favorittplagg som berre trengs å fiksast litt? På kurset blir du inspirert til å utvikle dine egne redesign-idear.

Første timen kan vi sy handlenett om du ikkje har eit eige prosjekt allereie. Vi diskuterer kva deltakarane er interesserte i, og tar utgangspunkt i det.

Ta med dette til første gong: liten saks, målebånd, knappenåler (lange), sytråd, penn, papir, sikkerhetsnåler, stoff eller klær som skal endres. Om det er noko av dette du ikkje har, ordnar vi det.

Kurset går over 6 gonger annankvar onsdag frå kl. 16-19.
Datoar: 08. februar / 22. februar / 08. mars / 22. mars / 05. april / 19. april.
Påmelding på http://oybib.hoopla.no/sales. Hugs å velja det rette redesignkurset (det for ungdom)

Kurset er i samarbeid med Ung Husflid Sotra

Velkommen! 

Se mindre