Bok til alle

Bok til alle

Sund folkebibliotek er eit ”Bok til alle” bibliotek og med i organisasjonen ”Leser søker bok. Biblioteket arbeider for å ha tilrettelagde bøker for både vaksne og born. Gjennom vårt engasjement i ”Leser søker bok” mottar vi jamleg bokpakker med nye bøker. Det vere seg: bok+lyd, taktile bøker,bøker med bliss ( punktskrift) og bøker med enkel tekst. Litt å lese bøkene passer for uvante lesere, folk med dysleksi, konsentrasjonsvansker, et annet morsmål enn norsk eller de som rett og slett ønsker seg litt å lese.​

På biblioteket har vi laga til ei lita krok med sitteplass kor bøkene står framme. Etterkvart har vi no ei ganske vidfamnande samling innan  skjønnlitteratur og faglitteratur.

 Portalen Boksøk gir deg tips og mulighet til å søke etter litteratur tilpasset ulike utfordringer og nivå.

  Boksok

100-lista gir deg de beste og letteste bøkene på markedet.

 

Lisbeth Milsted anbefaler:

 

«Så godt» Lett tilgjengeleg kokebok med sunne og enkle retter.

Gjeve ut i Så godtto utgåver.

Vanleg kokebok med oppskrifter presentert enkelt og trinnvist. I tillegg er boka og gjeve ut med symboltekst på ark som kan takast ut.

 

 

 

 

 

Skumringsserien frå Mangschou forlag

Bøkene er gjeve ut med støtte frå «Leser søker bok» og retter seg mot ungdom som vil oppleve spenning, aksjon gjennom lesing. Ikkje lange krunglete setningar, men rett på sak!!

Noia av Jon Ewo

Noia

Ein jeger og hans bytte.

To mekanikarlærlingar, tre mil. NOK og ein vill flukt. Boka er spaningslada frå første til siste side. Parallelt i boka følgjer vi jegeren og han to «byttedyr» Kven overlever og kven får pengene?

 

Gamer av Tor Arve Røssland

Gamer

Hekta på spel??

Ben byrjar spele det ekstremt spanande spelet «War of Faluza» med den erfarne spelaren Will. Etter kvart vert venene til Bill med i brorskapen (guilden). Dei stig i gradene og ser fram til å kunne spele om dei verkelege store pengesummane: Euro som kan nyttast i den verkelege verd

Ting byrjar skje ikkje berre i spelet men og utanfor i den verkelege verd. Kven kan ein stole på? Kven er ven? Kven er fiende? Dei virtuelle eller dei verkelege?

Bodskapen er: Kan ein stole på folk ein møter på nettet?

Respekt av Jon Ewo

Respekt

To kriminelle brør fortel kvar si historie. Dei lever i samfunnets skugge. Den eldste Kim er lei av å bli hersa med og tar eit oppgjer med mafiabossen Bignose. Det får fatale følgjer. Veslebroren Zapper fødd og oppvakse under gatas harde regime vil hemne og setje seg i respekt.

Deler av teksten minner om rap-musikk. Kim er fan av ganstar rapperen Notorious B.I.G. Ingen hyggeleg person, men han var ærleg i sine tekster og musikk. Ewo har nok latt seg inspirere.

Ikkje krim med politi, detektivar eller heltar, men historia sett frå den kriminelle si side.

                                                                  

Bøkene om «Bebe» av Bente Bratlund

Babe

I alt er det kome ut 4 bøker om Bebe og hennar besteveninna Sara. Alle bøkene tek opp eit emne som ungdom er opptekne av.

Første boken synes som ei kvardagshistorie, men er eigentleg ei oppfordring til å ta tak i eige liv og ikkje berre synes synd på seg sjølve. Bebe er sjalu på veninna Sara, som er ganske omsverma.

Bebe har ei nabo fru Amdal som ho trur seg til. Fru Amdal er ei riktig så klok gamal sigarettrøykande dame og ho kjem med mange råd til Bebe.

I bok 2 er gutar, fest og juleball tema, men etter juleferien er ting ikkje det same som før. Kva som har skjedd får vi vite i bok nr 3. Sara har vore utsatt for eit overgrep, attpåtil av ein onkel. Sara vil hemmeleghalde dette og pålegg Bebe ikkje å fortelje noko. Tausheita kring valdtekta og lojalitetskonflikten er gjennomgangs tema. Når det hemmelege kjem fram i lyset er boka slutt. Romanen får på god måte fram både lojalitetskonflikten til Bebe og hennar ansvar å avsløre ein forbrytelse. Med få enkle ord og setningar formidlar Bratlund at valdtekta ikkje berre gjeld Sara men og Bebe. Deira rett til å vera unge.