Om dette arrangementet

Tid
11:00 - 11:40
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Pling vaken

Velkomen til barneteater med teatergruppa Krabatene.

Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å synge endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken. Og det blir ikkje enklare når monsteret i skapet heller ikkje får sove!

Mange kjenner Irene Ahnéll og Mette Scarth Tønseth frå forestillingane til Krabatene. Denne gongen er framsyninga basert på Ahnell si eiga biletbok, illustrert av Elisabeth Moseng.

Påmelding for grupper til skogsskiftet.bibliotek@oygarden.kommune.no. Passar best for barn frå 4 år.