Boktips: Folk med angst, Fredrik Backman

14.02.20
Folk med angst er sjarmerande frå perm til perm!

Fredrik Backmans nyaste roman Folk med angst er herleg satire, med tragikomisk brodd. Boka har sterke personskildringar som tar forskjellige mennesketypar og parforholdsstrukturar på kornet.

Boka byrjar med at hovudpersonen er sett i ein fortvila situasjon; ektefellen er blitt saman med sjefen til hovudpersonen. Hovudpersonen er derfor sparka på dør frå både hus og jobb samstundes, og sit no utan inntekt og utan tak over hovudet. Då får heller ikkje antihelten vår besøksrett til å sjå dei to borna sine meir. I eit desperat trekk for å sikre seg pengar til å dekkje husleiga den første månaden på ein potensielt stad å bu forsøker hovudpersonen vår å rane ein bank.  Dessverre visar det seg at banken er kontantfri, og dei 6500 kronene ranaren treng er derfor umogeleg å oppdrive. Politiet derimot brukar ikkje lang tid på å vise seg, og ranaren må flykte inn i ein leilegheit like ved, der det viser seg (til ranarens skrekk) å pågå ei visning!

Som Backman sjølv skriv «Der snublet altså raneren inn, pesende og gjennomsvett med pistolen parat, og det var slik det ble et gisseldrama». 
Derifrå fortel romanen ikkje berre historien til antihelten vår, men inkluderer også alle dei forskjellige menneska som oppheld seg på visinga, samt politimennene utanfor som tidlegare aldri har vore nøydd å løyse eit vaskeekte gisseldrama før.

Fredrik Backman gir oss eit persongalleri som makter å sidestille forteljingar som er både ekstraordinære og allmenngyldige på same tid. Dette gjer at lesaren både kan kjenne att seg sjølv og naboen, men og hyle av latter på grunnlag av alle forviklingane. Samstundes utviklar historien seg til eit spanande krimmysterium når ranaren til slutt frigir gislane men sjølv klarer å forsvinne sporlaust frå leiligheten..

Vil politiet lukkast med å finne ranaren/gisseltakaren? Kva skjedde eigentleg inne i leiligheten? Og korleis kunne ranaren berre forsvinne frå ein omringa leilighet?