Boktips: Sjøfuglens skrik, Adam Nicolson

06.02.20
Nicolson gjev oss den mytiske fascinasjon over sjøfugl, og det lange samlivet mellom menneske og fugl, på godt og vondt..

Vi er på Shiant-øyane i dei ytre Hebridene. Briten Adam Nicolson har eit uvanleg godt utgangspunkt for å skrive om øya og fuglelivet der. Som baron av Carnock er han eigar av Shiant-øyane, ein del av Hebridane utan for Skottland. Nicolson har følgt sjøfuglkoloniane gjennom mange år.

Boka er både eit varsku og ei poetisk hyllest til sjøfuglane. Eit varsku til oss menneske om kva som er i ferd med å skje med fuglefjell, overfiske i havet, hekkeplassar og jakt på sjøfugl. Boka er samstundes ein forsvarstale for at alle naturens vesen har sin eigenverdi.

Boka presenterer elleve artar med kvar sitt kapittel. Vi får oppdatert fagkunnskap, ispedd både eventyr, poesi og folketru. Nicolson gjev oss den mytiske fascinasjon over sjøfugl, og det lange samlivet mellom menneske og fugl, på godt og vondt.

Følgjande kan  stå som verdig punktum for ei velskriven bok om fuglar til både ettertanke og bli klok av.
« troen på at alle levende vesener har rett til liv, og erkjennelsen av at de har former for forståelse som vi aldri har delt og antakelig aldri kommer til å dele»