Framtidsfabel frå Faldbakken | Øygardsbiblioteka
Vi er fem Matias Faldbakken
Vi er fem Matias Faldbakken

Framtidsfabel frå Faldbakken

25.03.20
Er det ei åtvaring til oss menneske om at det vi har skapt vil ta over, eller berre ei burlesk forteljing?

Vi er fem
Roman av Matias Faldbakken

Matias Faldbakken (du har rett, han er son til Knut Faldbakken) har fått mykje merksemd og rosande omtale for boka « Vi er fem». Romanen er jamvel ute og konkurrerer om Nordisk råds litteraturpris.

Tormod er snekkaren som etter eit turbulent ungdomsliv i rus og elende slår seg til ro saman med kona Siv og to barn. Og ein hund som ein dag plutseleg er søkk vekke.

Så langt er historien slik nokolunde innanfor ramma av kva som kan seiast å vere  typisk familieliv for ein snekkarmann og ei frisørdame i nærleiken av Hamar.

Men så glir forteljinga over frå det sannsynlege til det særdeles usannsynlege og endar i det skremmande nifse. Ein leirklump, raudleire blanda med plantegjødsel og litt av kvart, tek til å leva sitt eige liv. Tormod, godt hjelpen av ein tidlegare svirebror, eltar leira til ein klump som gjer nytte for seg, mest som hunden som ingen veit kor er. Men etter uforsiktig elting og utsett for Wifi-stråling, vert klumpen beint ut sagt vond og farleg.

Så sit eg der og lurer, er boka ei åtvaring til oss menneskekryp om at ein dag tek krefter vi har skapt, av leire eller elektronikk, over makta? Eller er det ikkje anna enn at forfattaren har kokt saman ei burlesk historie? Berre for å glede oss som likar slikt.

Språket står godt til forteljinga, han er skikkeleg språksikker, Faldbakken jr.