Arrangementet er perfekt for småbarnsfamiliar og barn frå 4 år
Arrangementet er perfekt for småbarnsfamiliar og barn frå 4 år

Forfattaren og stemmen bak «Kokosbananas» kjem heim til Øygardsbiblioteka

av Gro
16.03.22
Fredag og laurdag denne veka kjem Rolf M. Golten Andersen til Øygardsbiblioteka for å lese for oss.

Øygardsbiblioteka får besøk av Rolf Magne Golten Andersen, forfattaren og stemmen bak «Kokosbananas». Golten Andersen vaks opp på Glesvær og gledar seg til å koma «heim» å lese for oss! Forfattaren,  som sjølv har eit spesielt forhold til bibliotek seier: «Hadde det ikke vært for biblioteket da jeg vokste opp på Glesvær, så er det ikke sikkert jeg hadde vært forfatter i dag. Uten biblioteket i Skogsvåg, skolebiblioteket på Glesnes skule, bokbussen og bokbåten så hadde nok ikke Kokosbananas eksistert. Det gjør det ekstra gøy og spesielt å få komme hjem til Sotra og lese på bibliotekene.»

Arrangementet er perfekt for småbarnsfamiliar og barn frå 4 år, småbarnsfamiliar vil kjenne seg igjen i denne morosame og kreative typen som er halvt kokos og halvt banan. Kom på biblioteket og finn ut kva Kokosbananas gjer når han må i snorkekjedelig familiebesøk og får ansvar for å ta med brusen. Det vert til saman tre arrangement:

Fredag 18. mars kl. 12 på Rong bibliotek

Laurdag 19. mars kl. 12 på Straume bibliotek

Laurdag 19. mars  kl. 14 på Skogsvåg bibliotek