"På naturens skuldre" er ein hyllest til mangfaldet i naturen, meiner bokmeldar Sverre B.
Anne Sverdrup Thygeson. Foto: Sturlasson/Kagge forlag

Hyllest til mangfaldet i naturen

13.11.20
Anne Sverdrup-Thygeson er Norges beste naturfaglærar, meiner Sverre Bungum. Han har lese boka hennar «På naturens skulde».

På naturens skuldre
Anne Sverdrup-Thygeson

Anne Sverdrup-Thygeson si siste bok har undertittelen  «Hvordan ti millioner arter redder livet ditt». 

 Vi har ingen betre naturfaglærar her til lands enn henne. Ho meistrar formidling av viktig kunnskap og innsikt gjennom eit språk som er forståeleg og lettlese, morosamt og elegant, jamvel når bodskapen er dyster og tankevekkande.

Visste du at meir enn ein tredel av omsette legemiddel stammar direkte eller indirekte frå arter i naturen? Nokre typar medisin, som antibiotika og kreftmedisin, syter naturen for med 60 til 80 prosent. Men for at forskarar skal finne fram til effektive verkestoff, trengs det ei uhorveleg mengde urter. Det vert som å leite etter perler i muslingar. Det er langt mellom dei gode funna.

Send også nokre gode tankar til barlindtreet. Det har redda mange liv fordi det gav oss kreftmedisinen Taxol.   

«På naturens skuldre» er ein hyllest til mangfaldet i naturen. Og meir enn det, Sverdrup-Thygeson får oss til å forstå at vi, homo sapiens, er ein del av dette mangfaldet. Når vi plasserer oss utanfor og ser oss som herrefolk og haustar kortsynt, vil det til slutt gå oss ille.

Eg likar best det forfattaren skriv om skog. Eller rettare, eg kjenner meg igjen når ho fortel kva skog betyr for henne. Vi har framleis naturskog i landet vårt. (Urskog har vi ikkje.) Men industriskog har vi, der er det ikkje rom for døde tre. Eg siterer: «alt du hører, er en stille sus av tømmerpriser, skurtømmerhandel og kommende innmålt volum».

 Eg tykkjer også om det ho skriv om grasplenar. Kvifor vert glattslegne grasflater sett på som pene? Er ikkje ei blomstrande eng langt vakrare? Kanskje burde det bli slik at når urørd natur vert rydda for skog, myrer drenerte ut og hus plasserte der kvitveisen tidlegare gledde oss, så vart det forbode med plen og påbode med blomstereng? Til glede for insekta som tek jobben med å leggje grunnlaget for så mykje av maten vi treng. Så kunne vi sitje på verandaen og seie med Anne Sverdrup-Thygeson:

«Hvorfor være inne når alt håp er ute».

Sverre B      

Du kan låne boka på Øygardsbiblioteka, eller i bibliotekappen BookBites.

Andre bøker av Anne Sverdrup-Thygeson:
«Innsektenes planet: om de rare, nyttige og fascinerende småkrypene vi ikke kan leve uten» (2018)
(Finst også i BookbBites)
«Innsektenes hemmeligheter : snorkelmygg, zombiebiller og andre småkryp rundt deg» (2019)
«Dovendyret og sommerfuglen» (2020) (Biletbok)