Dag O. Hessen Verden på vippepunktet
Verden på vippepunktet

Kor ille kan det bli?

10.08.20
For dei av oss som vil vita meir om kva klimaforskinga fortel, er Hessen si bok det vi treng.

Verden på vippepunktet
Dag O. Hessen

Ja, kor ille kan det eigentleg bli?

Det er litt fascinerande dette, at 5 gonger har mest alt liv vorte utsletta og teke til på nytt. Då snakkar vi om nokre milliardar år, rett nok. Og dei fire første globale katastrofar skuldast at kloden øydela sitt eige klima. Femte gongen kom den store meteoritten og borte var dinosaurane og mykje av livet på den hardt prøvde planeten. 

Så er spørsmålet, den 6. gongen, skal det bli mennesket og deira aktivitetar som skal føra til at livet på Tellus møter sin undergang?

Vippepunktet, det møter vi når vegen tilbake er stengd, når det er for seint å snu. The point of no return. 
Dag O. Hessen er biolog (professor ved UIO). Ikkje å undrast over at han er oppteken av den dramatiske reduksjonen av dyreartar. Men det store perspektivet hans er kloden vår si framtid. Og det han fortel oss, er basert på forsking. 

No er det som kjent slik at ikkje alle trur på forskarane når dei prøver å fortelje oss at Moder Jord er i trøbbel. Dei kallar seg stundom klimafornektarar eller klimaskeptikarar og dei treng ikkje ta bryet med å setja seg inn i aktuell forsking som dei så likevel ikkje trur på, same kva.

For dei av oss som vil vita meir om kva forskinga fortel oss, er Hessen si bok det vi treng. Han har ei balansert framstilling av situasjonen og han skriv godt og inn i mellom elegant, og er på mange vis mønstergyldig i måten han gjer kompliserte klimaspørsmål forståeleg.
Samstundes fortel han klårt nok at dersom vi ikkje får den globale oppvarminga under kontroll, ventar matmangel og enorme flyktningkatastrofar. Og vippepunktet kan vere så nær som neste århundre. Det vil seie at dei som kan komme til å oppleve den global klimakatastrofe, mange av dei er alt fødde.

Til slutt, viss du trur Hessen er altfor optimistisk i vurderingane sine, kan eg tilrå at du les David Wallace-Wells: Den ubeboelige planeten. Ein kan bli søvnlaus av mindre.

Beggen bøkene kan lånast på dei tre Øygardsbiblioteka. 
 

Materiale
Materiale