Kadafi Zaman, Foto: Kagge forlag
Kadafi Zaman

Møt Kadafi frå Lier

30.11.21
"Eit stykke framifrå journalistikk"

Kadafi Zaman:
"Den norske drømmen"

Jeg er Kadafi fra Lier, seier Kadafi.
De ser rart på meg og sier: Men hvor er du egentlig fra?
Egentlig er jeg fra Drammen, seier TV2- journalisten og tykkjer det er like gøy kvar gong.

Og no har mannen frå Drammen skrive bok om oppvekst, utdanning og arbeidsliv som 2. generasjons pakistanar og muslim i Norge. Og det passar fint, for i desse dagar er det 50 år sidan dei første arbeidssøkjande pakistanarane kom til Norge.

Slik også foreldra til Kadafi. Til liks med dei fleste landsmenn frå fjerne Austen skulle dei berre vere her ei kort tid, tene bra og returnere. Slik gjekk det ikkje. Dei vart verande. I dag finn vi etterkomarane over heile landet og i mange sentrale posisjonar i yrkes- og samfunnsliv.

Kadafi Zaman er journalist og uredd reportar. Han har vore på oppdrag overalt der krig og naturkatastrofar rammar hardt. Han er uredd og engasjert med evne til empati og sympati. Han er utskjelt av norsk mobb og tastaturpøbel som ikkje toler muslimar og han er uglesett av rettruande og sjølvrettferdige trusbrør.  Øldrikkande muslimar til dømes, det er ikkje bra. Så har han også særdeles liten sans for dei ekstreme muslimmiljøa som hatar Norge, men tek meir enn gjerne imot pengane frå NAV.

Men mest av alt, mannen elskar Norge. Det er nesten til å bli litt flau av inn i mellom. Elles synest eg det er tankevekkande at han fortel om ein oppvekst der han aldri ein dag var mobbeoffer.

Boka er eit stykke framifrå journalistikk, lett og klår i form og formuleringar.

Klar for litt styrking av nasjonal sjølvkjensle? Les «Den norske drømmen».

Sverre B