Skjermbilete frå turneringa 21. september
Skjermbilete frå turneringa 21. september

Bibliobattles 2021

av Gro
23.07.21
Til alle gamingentusiastar i Øygarden kommune! Denne hausten samarbeidar Øygardsbiblioteka med spillorganisasjonen Bibliogames om online-turneringar i samband med Nordic Game Week!

Saman med Askøy folkebibliotek starta vi med ei lokale turnering der vinnarane vart kvalifisert til dei nasjonale finalane for å forsvare æra til sin heimstad – bibliotek mot bibliotek.

Fortnite-turneringa i Bibliobattles 2021 gjekk av stabelen 22. september, og me er umåteleg stolte over å kunne informera om at Øygarden bibliotek, representert av laget "Rullekebab", tok sigeren i Vestland fylke! I eit realt basketak over tre runder med lag frå dei tre biblioteka i Øygarden, Askøy og Austevoll, trakk til slutt duoen frå Øygarden det lengste strået og fekk den høgste poengsummen samanlagt. Om ein ønskjer å sjå korleis det heile gjekk til, kan ein å gå inn på denne straumen: 

Følg lenke til twitch

Me satsar på å gjere meir stas på vinnerane når også Minecraft-turneringa i Bibliobattles 2021 den 5. 7. og 9. oktober er unnagjort. Hugs også at den nasjonale Fortnite-finalen vert arrangert i november med Øygardsbiblioteka som representant for Vestland fylke!

Den lokale turneringa for Vestland fylke gjekk av stabelen 22 september og 23 september. Dette var også kvalifisering til dei nasjonale finalane som speles under Nordic Game Week den andre veka i november. Gjennom Øygardsbiblioteka kunne spelerane delta i Fortnite Duo (to spelarar per lag) og Minecraft byggjekonkurranse. Turneringane vart  streama på Twitch og premiane er gåvekort fra Komplett. Spelerane kan vinne 200 kr per kvalifiseringsrunde og 2000 kr i dei nasjonale finalerundene.

I år som i fjor er også biblioteka med flest sjåarar på stream med i trekninga av ein gratis speldag med Bibliogames!