Påskereisa 2023 - jorda rundt på 45 spørsmål

28.03.23
Er du glad i quiz, og rimeleg oppdatert på litteratur? Eller berre flink til å finna ut av ting? Bli med på påskekonkurransen vår!

Bibliotek og innbyggartorg i Øygarden har saman med Strilabiblioteket og Sunnfjordbiblioteka laga ein påskekonkurranse.

Konkurransen kjem i tre delar, der den første etappen kjem palmelaurdag, neste kjem onsdag 5. april og siste kjem påskeaftan. Her får du bryna deg på intrikate litteraturspørsmål og det er lov med alle hjelpemiddel. Det er lov til å delta uansett kvar du bur.

Også i år drar vi verda rundt i litteraturen. Du får spørsmål om ny og gammal litteratur, og du skal alltid fram til ein geografisk eller fiktiv stad. Spørsmåla kan vera litt utfordrande, så her må du kanskje bruke både dei små grå, og det store nettet. Bli med, då vel!

Det blir premie til kvar etappevinnar og hovudpremie til den som er best totalt. Frist for innlevering er 16.april. 23:59.

Her kjem lenkene til innleveringsskjema. Kvar etappe blir tilgjengeleg på tidspunktet som står under lenka.

Del 1:

https://forms.office.com/e/aUSE42tvcx

Vert publisert 1.4. kl. 00:00

 

Del 2:

https://forms.office.com/e/bNLsQ7Mr8e

Vert publisert 5.4. kl. 00:00

 

Del 3:

https://forms.office.com/e/6q2MMGfz69

Vert publisert 8.4. kl. 00:00