Øygardsbiblioteka er stengt for all publikumskontakt frå og med fredag 13.mars. Lånetida forlenga til 30. april. | Øygardsbiblioteka

Øygardsbiblioteka er stengt for all publikumskontakt frå og med fredag 13.mars. Lånetida forlenga til 30. april.

10.03.20
Øygardsbiblioteka er stengt for all publikumskontakt frå og med 13.03.Lånetida på alle utlånte media er forlenga til 30. april.

Oppdatering 20. mars: Øygardsbiblioteka forlengar lånetida på alle media. Nytt forfall er 30. april. Dette gjeld ALLE medietypar, eks. bøker, tidsskrift, film og spel. Det vert ikke ilagt purregebyr for påminningar du har fått fram til no. 

Oppdatering 12.mars: Øygardsbiblioteka vert stengt for all publikumskontakt frå og med i morgon fredag 13.03 (inklusive meirope bibliotek på Skogsvåg). Alle lån blir forlenga, og reserverte bøker blir liggande til vi opnar igjen.
Biblioteket oppfordrar alle til å halde seg oppdatert ved å følgje med på kommunen sine nettsider:
https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/helse-sosial-og-omsorg/koronaviruset/ 

Oppdatering 12.Mars: Biblioteket avlyser alle arrangement inntil vidare og alle PC-ar til publikumsbruk er stengt. Alle tre biblioteka vil vere opne som vanleg, og det vil framleis vere mogeleg å låne bøker, filmar etc.

Oppdatering 10.mars: Biblioteket avlyser alle opne arrangement inntil vidare.
Øygardsbiblioteka avlyser alle arrangement grunna fare for koronasmitte. Alle tre biblioteka vil vere opne som vanleg, og det vil framleis vere mogeleg å låne bøker, filmar etc. og nytte dei andre tenestene til biblioteka.
Alle tastatur, fjernkontrollar, dørhandtak etc. vert vaska med antibac kvar dag.