Posebiblioteket veke 21 | Øygardsbiblioteka
Bente Fosse posebiblioteket Straume
Bente Fosse leverer ut bokpose til ein lånar.
Korona Posebibliotek Anders Mongstad Bokyller
Krim er populært også i koronatider. Foto: Magne Reigstad

Posebiblioteket veke 21

av Kari
18.05.20
Bestill gjerne bøker neste veke, men husk at det vert henting onsdag og fredag.

Torsdag 21, mai er Kristi Himmerlfartsdag, og då er biblioteket stengt. Derfor vert det utlevering av bøker  onsdag 20. mai og fredag 22. mai på dei tre Øygardsbiblioteka.

Slik gjer du dersom du vil betille bøker og anna materiale på biblioteket:

Du bestiller bøker på epost, eller sender melding frå heimesida vår, eller Facebook. Me plukkar bøker og set klar i posar, så kan du hente bokposen din utanfor biblioteka på Rong, Skogsvåg eller Straume.

I veke 21 onsdag 20. mai og fredag 22. mai mellom 11 og 14. 

Ta kontakt dersom det ikkje passar, så ordnar det seg kanskje likevel. 

Litt meir om ordninga:

Du sender bestilling på epost, eller via Min side på heimesida vår. Bestillinga må vere oss i hende innan midnatt onsdag.
Send epost til:

Straume bibliotek: bibliotek@oygarden.kommune.no
Rong bibliotek: bibliotek.rong@oygarden.kommune.no
Skogsvåg bibliotek: bibliotek.skogsvaag@oygarden.kommune.no

Me treng:
Lånenummer og/eller namn
Kva du ønskjer å låne
Hentebibliotek

Dersom du bestiller via heimesida, må du også ha pinkonde. (Spør evt. etter pinkode på epost.)

Bøkene kan hentast:
På Straume: Utanfor hovudinngangen til biblioteket
Onsdag klokka 11 -14
Fredag klokka 11 – 14

På Skogsvåg: Utanfor hovudinngangen til biblioteket
Onsdag kl. 11 - 14
Fredag kl. 11 - 14

På Rong: Utanfor inngangen i 2. etasje.
Onsdag kl. 11 - 14
Fredag kl. 11 - 14

Me kan ikkje garantere at bøkene du vil ha er inne, men kan prøve å finne alternativ dersom du seier frå at du ønskjer det.

Bibliotekpersonalet tar kontakt og avtaler tidspunkt for henting så langt råd er. 
Me ber om at alle følgjer smittevernråda frå styresmaktene.

SMITTEFARE FRÅ BØKER og anna materiale:

Nasjonalbiblioteket har innhenta informasjon om smittefare på bøker og anna materiale frå Folkehelseinstituttet. Konklusjonen er at risiko for indirekte smitte fra bøker er lav. Iverksetjing av spesielle tiltak som å setje bøkene i karantene eller reingjere bøker på grunn av covid-19 er ikkje nødvendig.  

På Øygardsbiblioteka vil me likevel oppretthalde ei kort karantenetid før me låner ut innlevet materiale på nytt. Dersom me låner ut bøker, filmar etc. med ein gong, vil me først tørke over med sprit. 

Innlevering: 

Du kan levere bøker og anna materiale i innleveringskassane utanfor alle dei tre biblioteka.

Les ei god bok og ta vare på kvarandre!