hage
hage

Så eit frø og haust det som gror

Ønsker du å ha tomatar i vinduskarmen, eigne kryddervekstar og poteter i hagen? I denne artikkelen handlar det mest om økologisk dyrking av vekstar ein kan ete, med tips frå bloggar og bøker du kan lese i Bokhylla til Nasjonalbiblioteket. Vår er plantetid, og mange sår frø i potter og besøker hagesenter for å kjøpe plantar. Kan hende vert det ikkje vellukka første gongen, men då gjeld det å ikkje gje opp.
Sjå video her:  "Naturfagtimen" for hageeigarar - alt du treng vite for suksess
 

God kost av kompost
Jorda der plantane hentar næring, er svært viktig for å få eit godt resultat. Ei blandingsjord med kompost og ulike slags gjødsel kan gje gode levevilkår for plantane. Dei som bur landleg til, kan ha kompostbehaldar ute, der ein tilfører strø, som sagmugg etter vedhogst. Eit alternativ er å lage kompost av kjøkkenavfall i ei bøtte med lokk. Ein del kjøper dei spesiallaga Bokashi-bøttene. Ved å tilføre spesielle mjølkesyrebakteriar omformar ein matavfall til gjødsel. Heldigvis er det lite lukt av dette. Om ein har fleire bøtter, kan ein la ei stå litt og seinare grave komposten ned i hagen, eller dele han med nokon som har hage. Enkelte kommunar betalar ein del av innkjøpssummen for heimekompost ute/inne og/eller reduserer avgifta til renovasjon.

Som foredragshaldar Hanne Slyngstad-Hægeland forklarar, er vekstane avhengige av jorda, temperaturen og lyset. Maria Berg Hestad har ei nettside der ho mellom anna skriv og snakkar om heimekompost og korleis ein kan bruke dette i eit drivhus eller i ein hage.
I ein podkast fortel ho meir om hagen og korleis ho dyrkar.

Late hagedagar med jorddekke
«Latmannsplanting» er eit ord eg fann på Dag Jørund Lønning si nettside. Han er kjent frå «Jordboka», som har kome i to delar, der han skriv om korleis han meiner vi kan oppretthalde og styrke jordlivet og skape gode vilkår for plantane.

hausting

 

Sjå lauken! Foto: Ingebjørg Skurtveit

«Økologisk hagebruk» er ei grunnbok om å dyrke på lag med naturen. «Naturvernet begynner i din egen hage», skriv forfattarane. Innhaldet i boka er med i eit NRK program i tre delar frå 1989. Vekstskifte med ulike grønsaker som byter plass i hagen, vert handsama grundig. Jorddekke er ein måte for å gjødsle og halde ugras vekke: «Godt og giftfritt frå eigen hage»

Sniglar som snyltar
Kva med «dei hersens sniglane», vert det meir av dei med jorddekke? Både ja og nei, svarar Maria Berg Hestad. Men dersom ein gjer ulike tiltak mot sniglane, ser det ut til å ikkje vere større problem enn andre dyrkingsmåtar. For jorddekke av gras, kan det vere lurt å ha tynne lag om gongen, slik at dei kan tørke. Det er fleire som har gjort den erfaringa når det gjeld jorddekke.

Det er ei meng med råd mot sniglar, med alt frå oske til fersk bark rundt beda. Lavendel er ein plante som sniglane ikkje liker lukta av, skriv ei. Problemet er gjerne at sniglane kan kome seg forbi dei fleste hindringar, slik at å plukke vekk vert ei løysing. Her er ei nettside med mykje informasjon om brunsniglar, og ei anna nettside har fleire tips for å redusere mengda av dei. I bydelen Konnerud ved Drammen gjekk folk saman om å behandle eit område med godt resultat. Dei brukte ei gjæra væske og middelet Nemaslug, som er godkjent for økologisk dyrking.

Urter på ein snurr
Ein måte å lage eit bed med urter, er å forme det som ein spiral. I boka «Villrosene : økologi i hagen» fortel forfattaren mellom anna om eit slikt bed. Ei nettside skriv om korleis bygge ein urtespiral. Eit søk på nettet viser bilde av mange former og storleikar.
Det går an å dyrke urter på ulike måtar, og både inne og ute. Kva slags urter er lette å dyrke? Her er fleire forslag.

Hage i fellesskap

tomatar

Bur du i blokk og manglar hage, men har lyst til å dyrke likevel? Eller har du lite jord? Andelslandbruk er eit døme på korleis forbrukarar og bønder kan samarbeide om å dyrke mat. Ved å vere med i eit slikt andelslandbruk, kan ein få enkel tilgang på fersk, kortreist sesongmat, samstundes som bonden får fast inntekt av dyrkinga. Rundt 80 stadar i landet har ein starta slike felleskap, og for dei som er interesserte i å få det til i området sitt, er det laga ei handbok. I Vestland har vi fem slike gardar. I Førde er Vie andelslandbruk etablert, og i Masfjorden er det to gardar med i «Bortom elva». I utkanten av Bergen har «Solsneset andelsgård» og «Oppteveiten økologiske gård» jord til dei som vil dyrke, og i Ulvik har ein «Undeland andelslandbruk». Parsellhagar og kolonihagar finn ein nokre stadar, og i byar som Trondheim har ein det dei kallar «urban dyrking».

Lukke til med årets hageglede!

Av Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland.

Bilde øvst: Gulrøter kan såast i mjølkekartongar, av Ingebjørg Skurtveit
Bilde nr. 2: Sjå lauken, av Ingebjørg Skurtveit
Bilde nr. 3: Elaine Casap, Unsplash