Bokkassar
Kassar fulle av bøker på veg ut stil skulane i Øygarden-
Skulebibliotek

31 bokkassar ut på tur

av Kari
01.09.20
Skulebibliotek er tema for Nasjonal Bibliotekdag 1. september. Då passar det fint å køyre ut bokkassar til mange av skulane i kommunen.

31 bokkassar i alt. Dei er fylt med gode bøker til elevar på alle klassetrinn.

Nasjonal bibliotekdag skal vere ein dag for synleggjering av biblioteka og alle brukarane våre. Akkurat i år er det skulebibliotek som er tema. 

I Øygarden er biblioteka i endring. I desse dagar flyttar innbyggjartorga inn og finn sin naturlege plass som ein del av tilbodet til alle som bur i kommunen. Men biblioteka vil framleis vere der du er van med å finne dei - på Rong, Skogsvåg og Straume. Frå 4. september vert det laurdagsope på Straume att, etter at det har vore korona- og sommarstengt på laurdagar. 

Velkommen til Øygardsbiblioteka. Hugs å ta med lånekort.