Bente Bratlund. Foto: Vidar Langeland

Bli med på skrivekurs

av Kari
15.10.21
Tre kveldars skrivekurs på biblioteket på Straume med forfattar Bente Bratlund som lærar.

Meld deg på her

Vil du lære meir om korleis du kan formidle ei historie? Arbeider du med sjølvbiografisk eller biografisk materiale? Skriv du blogg, slektshistorie eller brukar du skriving som terapeutisk vertøy?
Då kan skrivekurset på Øygardsbiblioteka, Straume, vere noko for deg.

Kurset går av stabelen tre tysdagskveldar, første gong tysdag 26. oktober. Kurshaldar er forfattaren Bente Bratlund. Ho fokuserer på ulike skriveteknikkar og innfallsvinklar, men vil og leggje vekt på kva det er mogleg å lære om seg sjølv ved å jobbe med livshistoria si.

Tidspunkt: tysdag 26. oktober, tysdag 2. november og tysdag 9. november, alle dagar klokka 18-21.

Pris: kr. 1500.-

Skrivekurset vert arrangert av Norsk Forfattersentrum Vestlandet i samarbeid med Øygardsbiblioteka og er støtta av Øygarden kommune

Interessert?

Meld deg på her