"Love Actually" er blitt julefilmen framfor nokon.
Last ned barnefilmar på Filmoteket

Det blir ikkje jul utan …

av Kari
01.12.21
På jakt etter julefølelsen?
For mange er «Love Acually» julefilmen framfor nokon. Det blir ikkje jul før julespelet er over og statsminister David (spelt av Hugh Grant) har fått si Natalie (Martine McCutcheon), og alle dei andre på den stjernespekka rollelista også har opplevd kjærleiken, på ein eller annan måte.
 

Den mangfaldige kjærleiken

Tekstforfattar og regissør Richard Curtis ville ikkje lage ein kjærleiksfilm, men ein film om kjærleik og alle kjærleikens fasettar. Derfor er det ikkje ein historie, men mange, som vert vevd saman, og dannar eit heilt bilete av den mangfoldige kjærleiken.

Det var faktisk ikkje meininga at dette skulle bli ein julefilm. Det var heller ikkje meininga at det skulle bli ein, men to filmar. I ein artikkel i magasinet Cosmopolitan fortel Richard Curtis at juletemaet først kom seinare og sjølv om han elskar julefilmar, hadde han aldri sett føre seg at dette skulle bli julefilmen over alle julefilmar. Filmen «alle» må sjå til jul.

Prøv Filmoteket

Derfor er det alltid ein eller annan tv-kanal som sender filmen i jula. Passar ikkje det, kan du sjekke om DVD’en er ledig på biblioteket, eller du kan strøyme han på biblioteket si filmteneste Filmoteket. Har du lånekort på biblioteket, kan du lage deg ein kontor her:

Filmoteket

Fleire julefilmar

Søkjer du på jul, finn du fleire julefilmar, f. eks.barnefilmar som «Karsten og Petras vidundelige jul», og gamle, gode «Pippi feirer jul». Fjorårets Knerten-film, «Knerten og sjøormen», finn du og. Er du usikker på kva du har lyst å sjå, får du tips under fana Inspirasjon. Kanskje finn du noko der?

Inntil 6 filmar i månaden

På Filmoteket kan du strøyme inntil 6 filmar gratis kvar månad dersom du har nasjonalt lånekort og lagar deg ein konto.

PS

Visste du at «Love Actually» er Jens Stoltenberg sin favorittfilm til jul?