Grethe Bergsvik Bente Fosse
Avtale på Moster! Frå gammalt av vert det sagt at ein avtale var bindande når ein tok kvarande i handa gjennom holet i denne steinen. Bente og Grethe nytta høvet då biblioteka og innbyggjartorga var på studietur til Bømlo tidlegare i sommar.

Nye opningstider frå 17. august

av Kari
14.08.20
Rong og Skogsvåg får utvida opningstider frå 17. august. Straume kjem etter 31. august. Samstundes vil personalet frå innbyggjartorga i kommunen vere på plass i biblioteklokala.

Frå måndag 17. august kan du komme på biblioteka på Rong og Skogsvåg frå klokka 9. Frå same dato vil innbyggjartorga så smått finne sin plass i biblioteklokala.

Det publikum først og fremst vil merke, er at opningstida i alle biblioteka vert utvida, og at det vil vere litt byggje- og innreiingsarbeid den første tida. Biblioteket vil ikkje sjå ut akkurat slik du er van med.

- Men det går seg til, meiner både  biblioteksjef Bente Fosse ved Øygardsbiblioteka og leiar for Innbyggjartorget i kommunen, Grethe Bergsvik. Dei ser fram til å ønskje innbyggjarane velkommen inn. 

Slik blir opningstidene på biblioteka:

Rong bibliotek frå 17. august:
Måndag: 9-16
Tysdag: 9-16
Onsdag: 9-16
Torsdag: 9-19
Fredag: 9-16
Laurdag: Stengt

Skogsvåg bibliotek frå 17. august:
Måndag: 9-16
Tysdag: 9-16
Onsdag: 9-16
Torsdag: 9-19
Fredag: 9-16
Laurdag: Stengt

Straume bibliotek frå 31. august:
(NB - legg merke til tysdag. Då er det ope til klokka 16.)

Måndag: 9-16
Tysdag: 9-16
Onsdag: 9-16
Torsdag: 9-19
Fredag: 9-16
Laurdag: 10-15

Velkommen!