Opningstider sommaren 2021

Opningstider i sommar

av Kari
18.06.21
Her finn du opningstidene på dei tre Øygardsbiblioteka frå 21. juni

Opningtider Straume:

Det vert laurdagsstengt på Straume frå og med 26. juni til og med 14. august.
Siste opne laurdag blir altså 19. juni, første opne laurdag etter sommaren blir 21. august.

Meirope på Skogsvåg og Rong

Biblioteka på Skogsvåg og Rong er stengt i heile juli, men det er tilbod om meirope begge stader.
Meirope betyr at du sjølv låser deg inn på biblioteket og lånar og leverer bøker og anna materiale på utlånsautomaten. 
Du brukar lånekortet som nøkkelkort, og må skrive kontrakt med biblioteket for å få tilgang til meirope bibliotek. Aldersgrensa er 18 år.
Dersom du ønskjer tilgang til biblioteka på Skogsvåg og Rong i løpet av juli, kan biblioteket på Straume gje tilgang.

Opningstider Rong og Skogsvåg bibliotek frå 1. august:

Det blir endringar i Rong og Skogsvåg bibliotek i haust i høve til opningstider.

Frå 1.august blir det betjent bibliotek tysdagar kl.10-16 og torsdagar kl.12-19.

Frå 16. august er det ope ein dag i veka, torsdagar kl. 12-19, då blir det ope for førespurnader og små arrangement som t.d. strikkekafé, språktreff og liknande. Det er tilbod om meirope begge stader kvar dag frå 8-22.

Husk at du også kan låne bøker i bibliotekappen BookBites. Les meir her.