Øygardsbiblioteka er stengt for all publikumskontakt frå og med fredag 13.mars.

16.05.20
Øygardsbiblioteka er stengt for all publikumskontakt frå og med 13.03.Lånetida på alle utlånte media er forlenga til 15.juni.

Oppdatering 21. april: Øygardsbiblioteka forlengar lånetida på alle media. Nytt forfall er 15. juni.  Dette gjeld ALLE medietypar, eks. bøker, tidsskrift, film og spel. Det vert ikke ilagt purregebyr for påminningar du har fått fram til no. 

Det er uvisst kor tid biblioteket opnar dørene att. I mellomtida håpar me at mange nyttar seg av det digitale tilbodet. Det er og høve til å låne bøker, filmar o. a. Då må du sende oss ein epost med info om kva du ønskjer å låne, og kvar du vil hente det, evt bestille via nettsida vår.

Les meir om posebiblioteket vårt her: Posebiblioteket held fram

Oppdatering 20. mars: Øygardsbiblioteka forlengar lånetida på alle media. Nytt forfall er 30. april. Dette gjeld ALLE medietypar, eks. bøker, tidsskrift, film og spel. Det vert ikke ilagt purregebyr for påminningar du har fått fram til no. 

Oppdatering 12.mars: Øygardsbiblioteka vert stengt for all publikumskontakt frå og med i morgon fredag 13.03 (inklusive meirope bibliotek på Skogsvåg). Alle lån blir forlenga, og reserverte bøker blir liggande til vi opnar igjen.
Biblioteket oppfordrar alle til å halde seg oppdatert ved å følgje med på kommunen sine nettsider:
https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/helse-sosial-og-omsorg/koronaviruset/ 

Oppdatering 12.Mars: Biblioteket avlyser alle arrangement inntil vidare og alle PC-ar til publikumsbruk er stengt. Alle tre biblioteka vil vere opne som vanleg, og det vil framleis vere mogeleg å låne bøker, filmar etc.

Oppdatering 10.mars: Biblioteket avlyser alle opne arrangement inntil vidare.
Øygardsbiblioteka avlyser alle arrangement grunna fare for koronasmitte. Alle tre biblioteka vil vere opne som vanleg, og det vil framleis vere mogeleg å låne bøker, filmar etc. og nytte dei andre tenestene til biblioteka.
Alle tastatur, fjernkontrollar, dørhandtak etc. vert vaska med antibac kvar dag.