Frå Rong bibliotek og innbyggarservice
Frå Rong bibliotek og innbyggarservice

Vi søkjer ny leiar for bibliotek og innbyggjartorg

av Gro
07.04.22
Vi søkjer etter deg som vil leia vidareutviklinga av våre felles innbyggjartorg og bibliotek.

Øygarden er vekstkommunen i vest med kommunesenter på Straume og kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. No søkjer vi etter deg som vil leia vidareutviklinga av våre felles innbyggjartorg og bibliotek.

Vi er Vestland sin nest største kommune med over 39 000 innbyggjarar. Øygarden har fleire fortrinn innan energi, teknologi og marine ressursar. Innbyggjartorg og bibliotek på Rong, Skogsskiftet og Straume spelar ei viktig rolle for å sikra attraktivitet og vekst i heile kommunen.

Daglege tenester skal vera tilgjengelege for innbyggjarane lokalt og digitalt, og det er eit uttalt mål at innbyggjartorg og bibliotek skal vera det viktigaste kontaktpunktet mellom innbyggjarane og kommunen.

Oppbygging av felles innbyggjartorg og bibliotek som lokale møteplassar er eit politisk satsingsområde, der tenestene skal vera lokalisert så nær brukarane som mogleg. I den vidare utviklinga ønskjer vi å ta vare på biblioteket sine rike tradisjonar, og byggja på med nyskaping og innovasjon. Øygarden har ein aktiv og mangfaldig frivillig sektor med lag, organisasjonar og privatpersonar. Det er viktig for oss at dei lokale møtestadene blir bygd opp i samarbeid med lokalsamfunnet.   

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift av tre innbyggjartorg og bibliotek, samt kommunen si sentralbordteneste.
  • Ansvar for å vidareutvikla eksisterande relasjonar, og etablera ny kontakt med lag, organisasjonar, innbyggjargrupper og andre interessentar, slik at alle som ønskjer det kan få engasjera seg og samarbeida om tilbodet.
  • Utvikla attraktive og framtidsretta innbyggjartorg og bibliotek som er naturlege møtestadar i lokalsamfunnet. 
  • Bidra til utvikling av innbyggjartorga og biblioteka som ein demokratisk arena og møtestad som stimulerer innbyggjarane i Øygarden til å vera aktive samfunnsdeltakarar.
  • Vidareutvikla innbyggjartorg og bibliotek til ein felles kultur. Leggja til rette for at tilsette frå både bibliotek og innbyggjartorg skal meistra og trivast med endra arbeidsoppgåver.
  • Vera pådrivar for samordning og samhandling på tvers av teneste- og forvaltningsnivå
  • Leggja til rette for at andre delar av kommuneorganisasjonen, utover egen avdeling, blir ein del av tilbodet på dei tre stadane.
  • Sikra at utviklingsarbeid blir gjennomført i tråd med politiske og administrative vedtak og planar, samt biblioteket sitt lovfesta samfunnsoppdrag.
  • Utvikla biblioteka som lokale kunnskaps- og kulturarenaer.
  • Andre oppgåver kan verte lagt til avdelinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum bachelor i bibliotek-informasjonsfag eller anna grad med bibliotekspesifikk påbygning
  • Erfaring frå arbeid med krav til strategisk tenkning, kommunikasjon, samarbeid og gjennomføring.
  • Erfaring med endringsarbeid.
  • Forståing for politiske, administrative og økonomiske samanhengar.
  • Forståing for teknologi og kva moglegheiter dette gjer for vidareutvikling av bibliotek- og innbyggjartenester.

Personlege eigenskapar

  • Samlande
  • Gode gjennomføringsevner
  • Evne til å arbeida målretta og systematisk
  • Ansvarsbevisst og initiativrik
  • Evne til å skapa tydelege forventningar, gje støtte, utvikla og inspirera medarbeidarar
  • Evne til å prioritera og delegera

Trykk her for meir informasjon og for å sjå utlysningen