For skular og barnehagar
Bruk av biblioteket:
Me tek gjerne mot besøk på biblioteket. Opplegget er fleksibelt etter behov eller ynskje frå barnehagen/skulen.
La biblioteket bli ei naturleg del av det pedagogiske opplegget til skulen. Me kan tilby orientering om biblioteket, syne søk i ulike tekstbasar, kjeldebruk (styrke/ veikskap) og bokprat. Ha klåre mål med besøket, gje biblioteket beskjed om emner klassen skal arbeide med. Ver sjølv deltakande når klassen er på biblioteket. Elevane får eit optimalt utbytte av besøket om du er tilgjengeleg for spørsmål og assistanse undervegs.
Me oppmodar barnehagar til å ta med borna så tidleg som mogeleg. Ved eit tidleg møte med biblioteket vil borna få eit naturleg forhold til biblioteket som ein arena for oppleving og leseglede.
Me kan tilby høgtlesing og ein av dei tilsette vil legge til rette for ei koseleg stund. Ta kontakt på førehand, slik me i samarbeid kan få til best mogeleg opplegg for deg og borna.
Lån til skular/barnehagar:
Det er høve til å tinga bokkassar frå Skogsvåg bibliotek. Innhaldet kan vera alt frå spesielle emne i samband med ulike tema/prosjekt, bøker tilpassa trinn/ gruppe eller ” lett blanda drops” av skjønnlitteratur.
Slik kan du gjera det enklare for oss, samt yte barnehageborn best mogeleg sørvis:
Ver ute i god tid.
Nokre gongar arbeidd fleire barnehagar med same emne og då gjeld prinsippet: ”første mann til mølla”!
I nokre periodar av året er det meir hektisk enn andre. Tingingar me får inn vert effektuert etter kvart.
Lånetida er 8 veker.
Med kvar bokkasse følgjer det med oversikt over kva bøker som er lånt ut, og til kva avdeling/ trinn.
Ein vaksen ansvarleg må syte for at bøker og anna materiell vert levert til biblioteket før lånefristen går ut.