Vi tilbyr | Øygardsbiblioteka

Vi tilbyr

Velkomen til biblioteket!

På biblioteket har vi eit stort utvalg av medier til utlån, hos oss kan du finn blant anna: aviser, bøker, lydbøker, digibok og digibok avspelar, filmar, cd-ar, brettspel, og spel til ei rekke konsollar.

Vi har pc-ar og utskriftsmogelegheitar i alle biblioteka, samt mogelegheit for scanning og kopiering.

Vi har ein del teknisk-utstyr som bandopptakar, med meir tilgjengeleg for bruk og heimlån.

Vi tilbyr utlån av ei rekke fritidsutstyr som fiskestenger, redningsvest, telt, liggeunderlag, gassbrennar, med meir!

På avdeling Straume finn du bord til sjakk og brikker tilgjengeleg for spel i biblioteket, og eit legobord til dei små. Straume bibliotek har også eit stort pedagogisk senter med mykje utstyr tilgjengeleg for undervisning i skule og barnehage. Her finn du alt frå klassesett med bøker og spel, til anatomiske modellar og fritidsutstyr for å kunne interagere med naturen (rugekasser, med meir)

Både Rong og Straume har spelrom med ulike konsollar.
 

Vi tilbyr og ei rekke digitale tenester som:
PressReader for å lese aviser
Bibliofil for å reservere bøker du ønskjer å låne
BookBites for å låne elektroniske bøker og e-lydbøker
Filmbib, for å sjå norske filmar
(for meir utfyllande liste, trykk på fanen som heiter E-bibliotek)

Våre bibliotekarar er her for å hjelpe deg!