Om dette arrangementet

Tid
14:30 - 14:45
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Teaterrotta fortel: Den vesle bygda som gløymde at det var jul.

Lina Taule Fjørtoft har tilrettelagt Alf Prøysen si juleforteljing «Den vesle bygda som gløymde at det var jul» som forteljarstund for barn. Det er teaterrotta Pernille som fortel. Med seg har ho fetteren sin, Jeppe som spelar musikk

Det lir mot jul og menneska er travelt opptekne med å stelle alt i stand, gåver skal pakkast, graut kokast, sko pussast … Men, det er noko uforklarleg som skjer. Det knirkar og taslar i gongane, merkelege og mystiske ting skjer stadig vekk. Kor vart det av matpakka som låg klar på bordet? Kven slår på lyset om natta? Kven er det som stadig vekk stikk av med nøkkelen til sjefen, og kven har gnaga på julepynten? Ingen har heilt klart å oppdage kva alt dette mystiske er, sjølv om det har vore nære på nokre gongar.

For, dei som taslar og gneg er: oss teaterottane. Vi har budd på huset i mange, mange, mange år, og vi passar godt på å halde oss skjult i kulissane. Men, det å skulle vere usynleg er ikkje alltid like kjekt, særleg ikkje når du mest av alt har lyst til å feire jul saman med andre, og det vil eg. Eg er teaterrotta Pernille, bli med meg og min fetter Jeppe på ei superduperhemmeleg førjulsstund.

P.S. Nemn for all del ikkje ordet “rotte” om de skulle møte på sjefen, då vert det ikkje ein særleg god jul på oss...

Lina Taule Fjørtoft har tilrettelagt Alf Prøysen si juleforteljing «Den vesle bygda som gløymde at det var jul» som forteljarstund for barn. Det er teaterrotta Pernille som fortel. Med seg har ho fetteren sin, Jeppe som spelar musikk

Passar frå 4 år.
Basert på historia av Alf Prøysen
Av og med: Lina Taule Fjørtoft
Musikar og komponist: Toivo Fjose
Kostyme og sminke: Teatret Vårt/ Lina Taule Fjørtoft

 

Støtta av Norsk Kulturråd og Det Vestnorske Teateret