Lånereglement

Lånereglement for Øygardsbiblioteka, avd. Rong, Skogsskiftet og Straume.

Lånerett

Alle har rett til å bruka folkebiblioteka sine samlingar og tenester. Utlån og bruk skal vera gratis for lånar. Biblioteka tek betalt for utskrifter og kopiar etter eigne satsar. Ein kan få lånekort ved å leggja fram godkjend legitimasjon. Born kan få lånekort frå 1. klasse. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå føresette. Biblioteket må få melding om adresseendring og tapt lånekort.        

Lånetid

Vanleg lånetid er:

· 4 veker - Bøker, lydbøker, musikk og tidsskrift

· 2 veker - DVD og PC-spel

DVD og PC-spel er merka med tilrådde aldersgrenser. Lånaren har ansvar for at desse vert haldne. Biblioteka er ikkje ansvarleg dersom lånt materiale fører til skade på avspelingsutstyr. Lån kan du fornya dersom det ikkje er venteliste. Maks lånetid er tre månadar.

Reservering

Bøker og anna materiale som er utlånt kan du reservera. Du får melding når materialet kan hentast. Det må hentast innan                   ei veke.

Lån frå andre bibliotek

Øygardsbiblioteka er ledd i et nasjonalt biblioteksystem. Bøker som vi ikkje har i samlinga vår, kan vi som oftast bestille inn frå andre bibliotek. Du kan også bestille fjernlån sjølv frå www.bibsok.no. Logg inn med lånenummer og pinkode. Ein må rekne med  ventetid på fjernlån. Sjekk i basen vår før du tingar frå www.bibsok.no. Det er du som er ansvarleg for det du har lånt, heilt til det er registrert innlevert på Øygardsbiblioteka.

Vi har noko pensumlitteratur sjølv, men studentar ved høgskular og universitet bør tinga pensumlitteratur gjennom                               utdanningsinstitusjonen sitt bibliotek.

Fjernlån er ressurskrevande, og dersom lånar gjentekne gonger ikkje hentar tinga fjernlån eller unnlét å levere tilbake fjernlånt materiale, fell retten til å fjernlåne bort.

Lånaren sine plikter

Det du låner, er du ansvarleg for. Tapt eller øydelagt materiale må du erstatta. Spesielt vil vi be deg halda lånetida, slik at andre også kan få høve til å lesa bøkene/nytta materialet.
Ha alltid med deg lånekortet. Dersom du ha gløymt det, kan vi hente deg opp manuelt. Då ber vi om legitimasjon.  

Purring/erstatning 

Dersom du ikkje held lånetida, sender me ut purring på SMS, epost eller vanleg post. Det vert sendt ut tre varsel.                                Dersom materialet ikkje er levert etter tre purringar, må du betale erstatning for tapt materiale. Rekninga vert sendt ut frå    økonomiavdelinga i Øygarden kommune, som tek ansvaret for innkrevjinga. Lånaren mistar retten til å låna dersom han/ho mottek rekning og denne ikkje er betalt.

Ordensreglar

Personar som viser uønska åtferd kan bli bortvist frå biblioteket / tapa låneretten for kortare eller lengre tid.

 

 

Prosjektet som har utviklet LÅNEKORTET har lagt vekt på å følge alle regler for behandling av  personopplysninger.

· Det lagres bare opplysninger som ikke er sensitive i personopplysningslovens forstand.

· Fødselsnummer er nødvendig for entydig identifikasjon av personer, og utveksles via en kryptert kommunikasjonskanal mellom det sentrale låneregisteret og det enkelte bibliotek.

· Adresseopplysningene vil ikke bli solgt eller gitt videre til andre instanser.

· All kommunikasjon mellom det enkelte bibliotek og det sentrale lånerregisteret er kryptert og beskyttet av brukernavn og passord.

· Opplysningene vil bli oppbevart til låneren krever dem fjernet eller et av bibliotekene låneren er tilknyttet mottar melding om dødsfall.

· Behandlingsansvarlig for opplysningene er Bibliotek-Systemer AS ved daglig leder, Boks 2093 Stubberød, 3255 LARVIK.

Du kan se hvilke opplysninger som til enhver tid er lagret om deg ved å oppsøke internettadressa       

https://nb.bib.no.