Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Landslovjubileet 2024. Føredrag ved Brage T. Hatløy

I 2024 feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Denne kvelden blir vi meir kjend med sjølve lova og historia bak.
I 1274 samla kong Magnus VI for første gong heile det norske kongeriket under éi lov. Den nye Landslova var eit banebrytande politisk og juridisk arbeid. På dette arrangementet møter vi rettshistorikar og forfattar Brage Thunestvedt Hatløy ved Det juridiske fakultet ved UiB. Han forskar blant anna på Landslova. Vi får høyra om korleis arbeidet med lova tok til, kva lover hadde vi før Magnus Lagabøters landslov, og kva vart konsekvensane av at Noreg fekk ei felles lovbok?