Om dette arrangementet

Tid
14:30 - 15:40
Pris
Gratis
Location
Foldnes kyrkje, parkeringsplassen
Organizer
Målgruppe

Skogsprinsessa - eit vandreteater med Eventyr i parken

Bli med på vandreteater på Foldnes

Skogen treng hjelp, er du den rette? Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i han. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. Slik går skogen
rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsesse Alva si tur til å bli dronning, noko ho har førebudd seg på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på
kroningsdagen. Rykte og vonde tankar spreier seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan,
men treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Praktisk informasjon:

Kle dykk etter vèret: Alt foregår utandørs så kle deg og dine for ver og vind. Det kan vere lurt å ha med litt å drikke og ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei
minste. Vi kan kome til å bevege oss i noko ulendt terreng- ein må difor vere stødig til fots. Vi kan også anbefale å ta med sitteunderlag. 
Løypa er universelt utforma, men det kan vera greitt med bæremeis for dei minste.

Hundar kan kanskje vera heime denne dagen.

Varigheit: Ca 70 minutt (dette varierar noko avhengig av kva tempo gruppa går i).

Gratisbillettar får du her: https://ticketco.events/no/nb/m?pattern=Skogsprinsessa

Oppmøtestad: Parkeringa ved Foldnes kyrkje
Framsyninga passar frå 3-4 år opptil ca 9.

Arrangørar: Folkeakademiet Vest og Øygarden innbyggartorg og bibliotek. 
Framsyninga er også støtta av Øygarden kommune og Sparebanken Vest.