Om dette arrangementet
Dataopplæring for seniorar
Dataopplæring vert vidare i haust berre gitt på innbyggartorget og biblioteket på Straume på desse datoane:
Datoar: 15.09, 29.09, 06.10, 20.10, 27.10, 03.11 og 10.11 (torsdagar kl. 10.00 - 15.00).
Oppfriskingskurs med tema basert på tilbakemeldingar frå deltakarar på grunnkurset: Torsdag 1. desember kl. 10.00 – 13.00.
Grunna manglande påmelding går dei oppsette kursa på innbyggartorga og biblioteka på Skogsskiftet og Rong ut. Det er framleis ledige plassar på Straume.
Kurset er gratis
Påmelding:
Meld deg på per telefon til Kim Kristiansen: 920 21 322, i butikken til Harddisk på Sartor Storsenter eller gå inn på nettsida til Harddisk «kurs» for å melda deg på. Du må velgja stad og dato.
Om kurset:
• Det er plass til seks personar per kurs.
• Du må ta med eigen pc, ipad eller smarttelefon. Personvernet vert ivareteke gjennom heile kurset.
• Det vert servert te og kaffi, ta med eigen matpakke. Pausar vert lagt inn undervegs.