Dataopplæring for seniorar. Illustrasjonsfoto: Øygarden kommune
Dataopplæring for seniorar. Illustrasjonsfoto: Øygarden kommune

Om dette arrangementet

Tid
10:00 - 15:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Dataopplæring for seniorar

Dette er eit grunnkurs for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra å bruka nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestilla heimlevering av mat og andre varer.

Dato | Tid | Stad:

Dataopplæringa vert gitt på dei tre biblioteka/ innbyggjartorga i kommunen:

Biblioteket/innbyggjartorget - Sartor Storsenter:

• Torsdagar kl. 10-15

• Datoar: 25.08, 15.09, 06.10, 03.11 og 10.11.

 

Biblioteket/innbyggjartorget - Sund Senter:

• Onsdagar kl. 10-15

• Datoar: 07.09, 28.09 og 26.10.

 

Biblioteket/innbyggjartorget - Rong Senter:

• Onsdagar kl. 10-15 • Datoar: 31.08, 21.09 og 19.10.

 

Pris:

Kurset er gratis

Påmelding: 

Meld deg på per telefon til Kim Kristiansen: 920 21 322, i butikken til Harddisk på Sartor Storsenter eller gå inn på nettsida til Harddisk «kurs» for å melda deg på. Du må velgja stad og dato.

Om kurset: 

• Det er plass til seks personar per kurs.

• Du må ta med eigen pc, ipad eller smarttelefon. Personvernet vert ivareteke gjennom heile kurset.

• Det vert servert te og kaffi, ta med eigen matpakke. Pausar vert lagt inn undervegs.

 

I desember vert det tilbod om 3 timars oppfriskingskurs. Tema for kurset er basert på tilbakemeldingar frå deltakarar som tidlegare har teke grunnkurs.