Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 18:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Open dag om startlån frå Øygarden kommune og Husbanken

Har du varige vanskar med å kjøpe eigen bustad, men har økonomisk evne til å betene renter og avdrag på eit bustadlån? Kanskje Øygarden og Husbanken sitt startlån er noko for deg?

Kommunen og Husbanken ønskjer å informere om startlånsordninga. Det er i dag lånt ut cirka 600 MNOK til husstandar i Øygarden gjennom ordninga. Kommunen ber aktuelle i målgruppene orientere seg om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir. 

Prioriterte grupper for startlånsordninga 

  • Barnefamiliar
  • Unge uføre
  • Eldre som bur i ueigna bustad
  • Dei som bur i kommunal bustad

Beteningsevne for lån

Startlånsordninga er laga for å hjelpe dei prioriterte gruppene, samstundes skal den ikkje konkurrere med ordinære bankar. Får du lån i vanleg bank, eller innan nokon år vil vere i posisjon til å få det, fyller du ikkje vilkåra for Startlån. 

Kommunen har høve til å  ta større risiko enn ein vanleg bank ved utlån av startlån. Det er likevel eit absolutt krav at søkjar har beteningsevne. Dersom du har høge månadlege utgifter til å betene forbrukslån eller andre dyre smålån reduserast di evne til å betjene renter og avdrag på eit bustadlån. 

Vil du vite meir om startlån? 

Les meir om ordninga og ta gjerne kontakt med oss som jobbar med startlån

Open startlånsdag 30. mars kl. 12.00 - 18.00

Einingsleiar for Service, Kenneth Sangolt, inviterar alle interesserte til å droppe innom på innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter på torsdag 30. mars 2023. Der møter du tilsette som arbeider med startlån i kommunen. Dette vil vere eit treffpunkt for å stilla spørsmål og motta informasjon.