Språkkafé på Straume
Språkkaféen på Straume innbyggartorg og bibliotek skal vera ein sosial møteplass for innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg.
Det er opent for alle og tilbodet er gratis!
Språkkaféen er leia av Øygarden frivilligsentral i samarbeid med Flyktningtenesta og Straume innbyggartorg og bibliotek. Det blir delt inn i gruppar på 2 frivillige og 4-5 deltakarar. Kvar gruppe sitt samla rundt eit bord og snakkar om eit gitt tema. Underveis blir det enkel servering. Nokon gonger blir det også brettspel og diverse kulturinnsalg. Språkkaféen er eit sosialt og kjekt tilbod både for den frivillige og for deltakarane.
Vil du vera frivillig på språkkafé? Ta kontakt: frivillig@oygarden.kommune.no eller på tlf: 56 16 02 28.
Vi treng om lag 10 frivillige kvar tysdag kl. 13.00 - 14.30.