Avlyst: Om skam, uttrykk for skam og korleis skam er knytt til depresjon.
Skam er etter kvart blitt eit kvardagsord for mange, men forstår vi djupna og rekkevidda av denne kjensla? Korleis kjem skam til uttrykk? Kva inneber det å kjenne på den vonde skamma? I denne forelesninga fortel Marte Bygstad-Landro om det å leve med depresjon og skam, og korleis komme seg ut av dette. Ho vil komme med eksempel på korleis skam viser seg hos menneske og korleis menneske kan frigjerast frå skamkjensla.
Bygstad-Landro er utdanna psykiatrisk sjukepleier og har master i psykisk helse. Ho er no PhD stipendiat/forskar ved VID vitenskapelige høgskule.
Arrangementet er eit samarbeid med Helsebergen og Vestland fylkeskommune
Vi følger dei til einkvar tid gjeldande smittevernreglane. Det er ikkje høve å reservera plass på førehand, men det er eit avgrensa tal plasser