Redesignkurs for vaksne
Kurshaldar er Sabine Gottwald, som er utdanna skreddar og har mange års erfaring frå tekstilbransjen.
Redesign er miljøvenleg, ein sparar penger og ikkje minst, aukar vi kreativiteten.
Kva kan du nytta gamle klede eller tekstiler til? Vil du ta vare på gamle favorittplagg som berre trengs å fiksast litt? På kurset blir du inspirert til å utvikle dine egne redesign-idear og lærer om sømteknikkar, bruk av ulike typer stoff m.m.
Første timen kan vi sy handlenett om du ikkje har eit eige prosjekt allereie. Vi diskuterer kva deltakarane er interesserte i, og tar utgangspunkt i det.
Ta med dette til første gong: liten saks, målebånd, knappenåler (lange), sytråd, penn, papir, sikkerhetsnåler, stoff eller klær som skal endres.
Kurset går over 6 gonger annankvar onsdag frå kl. 18-21.
Datoar: 01. februar / 15. februar / 01. mars / 15. mars / 29. mars / 12. april
Påmelding på http://oybib.hoopla.no/sales