Julebøker
Julebøker av alle slag. Kanskje er denne noko for deg?
Biletbøker jul
Kassane bugnar av biletbøker.

Jul på biblioteket

av Kari
01.12.21
Julestemning for små og store
Det kan ver lurt å sikre seg lesestoff til jula.

Kvar dag fram til jul vil du får tips om bøker, julepynt og andre juleting på vår eigen advenstkalender på Instagram og Facebook-kontoane våre.

Det kjekkaste er likevel om du har anledning til å stikke innom eit av biblioteka.

Opningstider i desember:

1. - 21. dessember har biblioteka vanlege opningstider:
Straume: man, tys, fre: 10-16, tors: 12-19, laur: 10-15
Rong og Skogsvåg: tys: 10-16, tors: 12-19 (bibliotekar til stades)

MERK: tors 23. desembar har alle tre biblioteka ope 10-16.
Romjula: Biblioteka på Rong og Skogsvåg er stengt! 
Straume: man 27 desember: stengt, tys: 28. des. 10-16, ons 29. des: stengt, tors 30. des: 12-19, fre 31. des: stengt

Jul i hyllene

På alle tre biblioteka har me sett fram julebøker for små og store. Mest stolte er me over samlinga av gamle julehefte på biblioteket på Straume. På Rong kan de for eksempel låna den sjarmerande juleforteljinga om naustnissane skriven av Sølvi Sanden.

«Feel good» for vaksne, kalenderbøker for barn. Og sjølvsagt klassikarar av Alf Prøysen og Astrid Lindgren. For når Pippi feirar jul, veit me at det blir noko heilt spesielt.

Sjølv om det har vore innkjøpsstopp i kommunen, har me ein god del av bøkene frå denne hausten på plass. Abid Raja sin prisvinnande sjølvbiografi, «Septologien» av Bragepris-vinnar Jon Fosse, og fagboka «Ekko: et essay om algoritmer og begjær» av Lena Lindgren, også ho Bragepris-vinnar. Populære krimbøker av f. eks. Jørgen Jæger og Jørn Lier Horst har me mange eksemplar av, men det kan likevel vere venteliste. Prøv gjerne noko anna – Peter May, Arnaldur Indridason og Paula Hawkins skuffar sjeldan. Mange har lese og likt Anita Østerbø si bok "Skammens mødre" denne hausten. Eller kva med «feel good»-jul i selskap med Vilma («Tre menn til Vilma») eller Emma («24 gode gjerninger»)?

Og skulle «Den beste av alle verdener» av Anthony Doerr vere utlånt, kan du prøve den førre boka hans – «Alt lyset vi ikke ser».

Logg deg gjerne på bibliotekappen Bookbites og sjå kva du finn der. Der er det både lydbøker og vanlege e-bøker.

Avlyst juleverkstad 

Heller ikkje i år vert det juleverkstad på biblioteket, verken på Straume eller Rong. Det er sjølvsagt mulig å låne bøker med tips og idear. Me kjem også til å leggje ut tips på adventskalenderen vår på instagram. 

Fru Natt 

Laurdag 4. desember er det teater for barn frå 3 år og oppover på biblioteket på Straume. Då vitjar Marie Aasebø Rønhovde biblioteket på Straume med framsyninga Fru Natt. Ver på plass i god tid. Og hald god avstand! Vaksne må ha munnbind. 

NB - pga. smittesituasjonen i Øygarden, kan det verte avlysing på kort varsel. 

På biblioteket håpar me på betre tider på nyåret og har allereie planlagt fleire framsyningar for barn på alle tre biblioteka i kommunen. Følg med!

PS - Gå ikkje glipp av fotoutstillinga med gamle hus frå Øygarden når du er innom biblioteket på Straume.
Her kan du lese meir om utstillinga 

 

Riktig god førjulstid frå oss på biblioteket.