Vendepunkter
Vendepunkter

Vendepunkter

av Gro
07.06.22
Vendepunkter. Siri Meyer har bede 11 personar fortelje om vendepunkt i deira liv. Anbefalt av Kari Fauskanger.

Av og til skjer det noko i eit menneskes liv som endrar alt. Det kan vere sjukdom, brotsverk eller hendingar i barndommen, ballast som ein dreg med seg inn i vaksenlivet. Siri Meyer har bede 11 personar fortelje om vendepunkt i deira liv. Sjølv fekk ho Parkinson, ein sjukdom det enno ikkje finst kur for. Ho skriv om korleis ho opplevde dette vendepunktet.

Thomas Hylland Eriksen fekk kreft. Kreften fekk han til å reflektere over verdiar i eige liv - om det enkle livet på stader han har besøkt som sosialantropolog, og gleda ved å sitje i vindauga og sjå haustfargane utfalde seg utanfor vindauga og berre la timane gå.

For Sumaya Jirde Ali kom vendepunktet då ho valde å ta ordet i det offentlege rom og gjekk ut mot rasisme og stigmatisering. Ho skriv om det manglande handlingrommet som finst for ei kvinne med innvandrarbakgrunn hvis ho vil delta i det offentlege ordskifte. Ho opplever at det berre er saker knytta til innvandring og intergrering ho skal meine noko om, ikkje økonomi, arbeidsløyse og andre tema i tida.

Peter Gembäck var pastor i Knutby Filadelfia. Vendepunktet hans var avsløringa av omfattande seksuelle overgrep og vald i den svenske pinsemenigheten der han var pastor.

For meg var Thomas Hylland Eriksen si forteljing den sterkaste. Men også Finn Skårderud sin historie om oppvekst med ei mor som leid av depresjon. Ho «hadde nerver» som det heitte den gongen. Psykiaterens yrkesval heng saman med opplevingar i barndommen. Samstundes forankrar han det han skriv i faglitteraturen.

Spennet er stort. Nokre har skrive sjølv, andre er intervjua av Siri Meyer. Alle gir rom for refleksjon og ettertanke. Opplevingane og forteljargrepa er så pass forskjellige at historiane vil appellere til lesarane på ulik vis.

«Vendepunkter» er ei bok som godt kan lesast i små porsjonar.