Plantebonanza 28. april

09.03.23
Lurar du på korleis du kan lukkast med grøne planter? Korleis du kan skape ein god heim gjennom å ta med naturen inn i stua di? Og kvifor planter har fått eit så veldig oppsving? Vi inviterer til føredrag med populære Anders Røyneberg, også kjent som @arcticgardener på Instagram og frå NRK og TV2 God morgen Norge. Han har skrive bøkene "Plantelykke" og "Plantebonanza", og inspirerer sine over 100 000 følgarar frå heile verda til å leve grønare.