Pessimistisk og fornyande | Øygardsbiblioteka
Jenny Erpenbeck Hjemsøkelse
Jenny Erpenbeck: Hjemsøkelse

Pessimistisk og fornyande

26.06.20
Med utgangspunkt i eit sommarhus ved innsjøen skildrar Jenny Erpenbeck tysk histoire frå 1930-talet til Berlinmurens fall på sin særeigen måte.

Jenny Erpenbeck:
«Hjemsøkelse»

«Hjemsøkelse» er ein roman, ein slags roman, der handlinga er lagt til Tyskland frå 1930-åra og fram til tida etter berlinmurens fall. Men det er ikkje slik at forfattaren prøver å gje oss eit samla bilete av alt det dramatiske som desse åra rommar. Ho finn heller ein stad på kartet, ein innsjø utafor Berlin. Der byggjer ein arkitekt eit sommarhus. Så flyttar ikkje forfattaren fokus frå huset og innsjøen og folka der. Verdskrigen, Tysklands deling, Berlinmuren, alt vert sett, opplevd og skildra frå sommarhuset ved innsjøen. Folk kjem til og  vert borte. Glade og sorglause dagar så vel som  dramatiske og grusamme hendingar, heile tida er vi ved innsjøen.

Gjennom turbulente tider overlever like fullt huset og gartnaren. Denne sistnemnde representerer på eit vis det stabile, han er der alltid. Han er åleine og han jobbar like iherdig for nye generasjonar som han gjorde for dei første som fann idyllen ved innsjøen. Men eg oppfattar ei djup pessimistisk grunnhaldning. Det går ille til slutt. Huset er i forfall, frukthagen øydelagd og gartnaren finn døden.

Språket er noko for seg. Mest kvar setning har noko nytt ved seg. Det gjer at det er lett å kjenne att Erpenbeck utan å vita namn på førehand. Ho brukar  gjentaking på sin eigen måte. Ikkje slik Jon Fosse-gjentaking. Nei, det kan gå fleire avsnitt, nokre gonger fleire sider, før det kjem att.

Eg trur Jenny Erpenbeck fornyar romanspråket og kanskje var det på tide at nokon gjorde akkurat det.