Carsten Jensen: Bjelken i mitt øye

Advarsel: Ei bok som kan komme til å gjerne noko med deg

03.11.21
Carsten Jensen har greidd det igjen

Bjelken i mitt øye: Om den evige krig og gleden ved å slå hverandre i hel
av Carsten Jensen

Om du meiner at litteratur om vanvitet i krig er viktig, eller du undrast kvifor verdas største krigsmakt, USA, tapar krigar, så les Carsten Jensen. Den danske samfunnskritikaren og etter makta si meining ein farleg opprørar, han har greidd det igjen.

 «Bjelken i mitt øye» er boka du aldri har lese tidlegare. Uventa tilnærmingar og treffsikre fornærmingar gjennom 260 sider.

Og du merkar det, her møter du ein journalist som veit å formulere synspunkt og meiningar du må stoppe opp med. Du les og tenkjer: Mannen har jo rett!

Boka er skapt mellom to hendingar. Det eine offentleg, det andre privat. Det eine er den vesle døde kurdiske guten som vart funne på ei strand i Hellas. (2015)

Det andre og private gjeld Raphael Coleman, eit talentfullt og kunnskapsrikt menneske som var aktiv i Extinction Rebellion, organisasjonen med tvilsamt rykte mellom klimafornektarar. Han var son til Carsten Jensen si kone Liz. Boka avsluttar med ein vakker nekrolog over Raph som døydde berre 26 år gamal.

Så høyr no på meg, tenk deg om før du les denne boka. Den kan komme til å gjere noko med deg.

Sverre