Om Rong bibliotek
Du finn biblioteket i andre høgda på Rong senter.
Rong bibliotek tilbyr bøker, lydbøker, ei romleg dvd-samling, musikk, spill, tidsskrift og aviser.
I lokalsamlinga finn du m.a. 800 foto i album, kyrkjebøker frå Herdla og Manger på mikrofilm, folketeljingar, skifteprotokollar og mykje anna.
Biblioteket har pc-ar med tilgang til internett for publikum og trådlaust nett til dei som har med eigen pc.
I biblioteket si pedagogiske samling kan lærarar låna lettleste bøker, konkretiseringsmateriale og pedagogisk litteratur i engelsk, norsk og matematikk.
På spelrommet kan ein spele brettspel, Nintendo DS, Playstation3, Playstation4 eller Nintendo Wii. Biblioteket har óg eit utval konsollspel til heimlån.
I tillegg har biblioteket fleire studiplasser plasert rundt om i lokalet som ein kan låna. Snakk med dei i skranken når du kjem!