Kyllingar kyllinger
Alle på eit brett
Årets favoritt på Øygardsbiblioteka i 2021.
Bøker
Fine bøker, feil tidspunkt.
Lyskvinna av Kari Bugge Gjerstad vart avduka i oktober.
Offisiell opning og snorklipping for gamingrommet
Offisiell opning og snorklipping for gamingrommet

Året som gjekk

av Kari
29.12.21
Øyardsbibliotekas årskavalkade.

Her er nokre av høgdepunkta frå Øygardsbiblioteka i året me no legg bak oss:

Mest eggjande:

Utklekking av kyllingar i biblioteket?  Du trur det ikkje før du får sjå dei. Rett over påske la me befrukta egg på plass i rugekassen som tilhøyrer den pedagogiske samlinga på biblioteket på Straume og to veker seinare kakka det første nøstet seg ut av skalet. Til saman vart det klekka ut åtte kyllingar. Den eine fekk sjølvsagt det fengjande namnet Tom Georg.

Mest populære:

Me kjem ikkje utanom Lucinda Riley. Den sjuande boka i Syv søstre-serien, «Den savnede søsteren», sette ny reserveringsrekord. Før boka kom ut, var det over 60 på venteliste på Øygardsbiblioteka. Og framleis set mange seg opp på ventelista. Men no er det håp. Berre 10  på lista no. Lucinda Riley gjekk bort i 2021, og no lovar sonen å fullføre eit påbegynt manus som rundar av historien. Snart er det nok på’an igjen…

Største bomkjøp:

Torsdag 3. juni var det storbrann i lyngheiane ved Ågotnes. På biblioteket på Straume var det roleg. Spent opna me kassen med nyinnkjøpte bøker – fine å tilby lesarane som sommarlektyre. Litt meir trykka stemning då den første boka me plukka - «Det du redder i en brann». Den andre var «Mat på bål». Det tok ei stund før desse to vart sett fram på hyllene. Dei har heller ikkje toppa utlånsstatistikken.

Største ære:

I haust kunne me endeleg avduke «Lyskvinna» av kunstnar Kari Bugge Gjerstad, og med kunstnaren sjølv til stades. Det finst fleire versjonar av denne skulpturen. Ein er kjøpt av Nasjonalmuseet, ein er kjøpt av Øygarden kommune og plassert på biblioteket på Straume. Ei ære!

Størst leselyst:

Barna som var med i lesekampanjen Sommarles var årets vinnarar på biblioteket i år. Ny deltakarrekord, ny rekord i talet på leste bøker og leste sider – over 2,5 millionar boksider vart pløyd av øygardsborna denne sommaren! Øygardsrekord med god margin.

Dårlegaste timing:

Leselysten ville me feire, men med koronarestriksjonar og usikre tider, inviterte me til kinoframsyning i trygge omgjevnader på Odeon kino i to salar. Me kunne berre fylle halvparten av plassane, og dermed vart nokre skuffa. Kinoframsyninga den 25. september var ferdig klokka 14. To timar seinare opna landet opp att, og det var fritt fram også for fulle kinosalar.

Mest framsynt

Korona eller ikkje korona – spelrom på Straume VILLE me ha på plass. 20. november kunne me endeleg opne spelrommet med foredrag for dei vaksne, speling for dei unge og «minecraftkake» til alle. Biblioteket på Straume har planar om fleire spelarrangemnet i året som kjem.

Største nedtur

Opningstidene. Både på Rong og i Skogsvåg har me måtta redusere bemanninga, og dermed også bemanna bibliotek. Saman med innbyggjarservice prøver me å få til eit godt bibliotektilbod i alle delar av kommunen også i det nye året.

Takk for at de brukte bilbioteket i 2021, og velkommen att i 2022.