Sommarles Sommerles

Feirar sommarles på kino

av Kari
03.09.21
Hent billett til sommarlesfesten på biblioteket.

Årets Sommarles har vore ein stor suksess. Me håpar barna har kosa seg med alle bøkene og boksidene som er blitt lest i sommar. På Øygardsbiblioteka er me i alle fall imponerte! Nesten 1700 deltakarar har lese over 2,5 millionar boksider i sommar! Det er ny øygardsrekord med god margin. 

Feiring på kino

Dette må me feire og inviterer til Sommarlesfest på Odeon kino på Sartor, laurdag 25. september klokka 12. Filmen me viser er "Babybossen 2 - familiebedriften", som ahr premiere på kinoen dasgen før. 

Koronarestriksjonar gjer at me ikkje kan fylle salane heilt. Derfor har me berre eit avgrensa tal billettar. Vil sommarlesbarnet ditt ver med, kan billett hentast på biblioteka på Rong, Straume eller Skogsvåg. Førstemann til mølla! 

For at flest mogeleg barn skal kunne delta, ser me helst at barnet vert følgt til kinoen, og henta igjen etterpå.

NB - siste frist for å hente premiar for sommarlesinnsatsen er 14. september. 

Les også: Sommarlesrekord