Sommarles Sommerles
Sommarles set sitt preg på alle tre Øygardsbiblioteka.

Sommar i biblioteket

av Kari
16.06.21
Sommarles og andre aktivitetar.

Det skjer litt av kvart i biblioteka i Øygarden også i sommar. Hovudaktivitetane er lagt til første veka i skuleferien og to veker i august.
Her finn du opningstidene i sommar

Størst aktivitet vert det på Straume. Her held biblioteket ope i heile sommar. I veke 25 og 26 vert det Makerspace (verkstad) der barn frå 6 år og oppover kan lage forskjellige ting. HUSK PÅMELDING.

Tysdag 22. og fredag 25. juni er det Makerspace på biblioteket på Straume, og tysdag 29. juni er det Skogsvåg sin tur.

Her finn du meir informasjon om tidspunkt og påmelding.

Teater for barn

I juni vert det også barneteater på alle tre biblioteka. «Krøll på camping» av og med Maria Rønhovde vert vist både på Straume, Skogsvåg og Rong.

Meir informasjon på arrangementsisdene våre

Stell godt med insekta

Tysdag 22. juni kan du gjere noko godt for naturen. Då vert det høve til å lære å byggje insekthotell på biblioteket på Rong.

Her finn du meir informasjon om tidspunkt og påmelding.

Du kan gle deg til fleire verkstadaktivtear i biblioteka i august. Sjekk ut arrangementssidene våre.

Sommarles-suksess

Sommar er lesetid, og leseaksjonen Sommarles held fram i heile sommar. Bøker, lydbøker etc. kan registrerast på nettet som vanleg, men i juli må premiane hentast på Straume. (Eller du kan vente til august med å hente på Rong eller Skogsvåg.)

Kodeorda til sommarlesforteljinga vert hengt opp på vindaugo i alle biblioteka. Du finn dei også her på heimesida, på fscebooksida og instagramsida til biblioteket.

Nytt i år er sommarlesrebusar i tre av kystpassløypene.  Prøv å knekke kodane og kom på biblioteket for å hente premie.

Les meir her

Påmelding

På grunn av koronarestriksjonar er det bindande PÅMELDING til alle aktivitetar i biblioteklokala i sommar.