Frå 1. juli kan du låse deg inn på biblioteket på Rong ved hjelp av lånekortet.

Tilgang utanom opningstid

av Kari
18.06.21
Meirope bibliotek - frå 1. juli også på Rong

Frå 1. juli kan du bruke lånekortet til å låse deg inn på biblioteket på Rong. Du treng altså eit lånekort (plastkort eller digitalt) og ein pinkode.

I tillegg må du inngå ein avtale med Øygardsbiblioteka, og biblioteket må opne kortet ditt for tilgang til biblioteket. Kan du nytte meirope på Rong, kan du også nytte biblioteket i Skogsvåg, og vise versa.

Biblioteket på Straume planlegg å tilby meirope til hausten.

Aldersgrense for tilgang til meirope bibliotek i Øygarden er 18 år, og du er sjølv ansvarleg for kven du ta med deg inn og må sørge for at dei også blir med deg ut att.

Du registrerer deg på nett her:

https://oygardsbiblioteka.bib.no/cgi-bin/m2?mode=login#

(eller gå inn på oybib.no og klikk på login.)

Logg inn via ID-porten.

Når du kjem inn på sida di, går du til Min profil, og følgjer instruksjonane der.

Du kan og skrive kontrakt når du er på biblioteket. Snakk med ein av dei tilsette. Biblioteket på Straume kan også gje deg tilgang til meirope bibliotek på Skogsvåg og Rong, sjølv om tilbodet enno ikkje er klart der.

Med avtale om meirope bibliotek har du tilgang til biblioteka på Rong og Skogsvåg kl. 8-22 7 dagar i veka. Du brukar utlånsautomaten for å levere og låne bøker og anna materiale.

Velkommen som meirope-lånar på Øygardsbiblioteka.