Ny i Norge
Lån bøker på morsmålet ditt
Biblioteka har høve til å bestille inn utanlandske bøker frå det fleirspråklege bibliotek, og eventuelt også frå andre bibliotek i Noreg. Dersom du ønskjer ei bestemt bok på eit bestemt språk kan vi bestille den inn til deg. Elles kan vi bestille inn depot av ulike bøker som vi har på biblioteket i ei periode.
Les og lær norsk.
Biblioteka har ordbøker og anna som kan vere til hjelp den fyrste tida. Biblioteket har elles bøker som er lette å lese for deg som held på å lære deg norsk.Personalet hjelper deg gjerne med å finne fram til eigna bøker.
Prøv desse websidene:
Jobbsøk:
Integrerings- og mangefoldsdirektoratet
Norsk for innvandrere
Ordbøker på nettet
SEIF. Selvhjelp for innvandrere og flyktninger
Praktiske opplysningar frå offentlege etatar
Bokmålsordboka - Nynorskordboka