Sjumilssteg i språksoga. Ved Sylfest Lomheim
Velkomen til engasjerande føredrag om språket i Noreg i bibliotek og innbyggartorg på Rong.
Sylfest Lomheim er ein populær formidlar og ein dyktig debattant med klare meiningar om språk og språkpolitikk. Han var den fyrste direktøren for Språkrådet og er ei kjend stemme frå m.a. Språkteigen i NRK. Han er i dag professor i norsk ved Universitetet i Agder. Denne ettermiddagen er temaet ”Sjumilssteg i språkhistoria”, der han startar med språket i Noreg på Jesu tid og endar på totusentalet.
Arrangør: Sotra Mållag og Øygarden Mållag i samarbeid med Folkeakademiet Vest
PS. Rekk du ikkje føredraget kl 15, kan du og treffa Lomheim i Liaskjærshallen same kveld, med tema "Korleis går det med norsken?"