Rong bibliotek

Rong senter

Biblioteket finn du i andre høgda på Rong senter. I tillegg til bøker har biblioteket lydbøker, ei romleg dvd-samling, musikk, språkkurs, tidsskrift og aviser. I lokalsamlinga finn du m.a. 800 foto i album, kyrkjebøker frå Herdla og Manger på mikrofilm,  folketeljingar, skifteprotokollar og mykje anna. Biblioteket har  pc-ar med tilgang til internett for publikum og trådlaust nett til dei som har med eigen pc. Brukarnamn og passord for å knyte seg til får ein i skranken. I biblioteket si pedagogiske samling kan lærarar låna lettleste bøker, konkretiseringsmateriale og pedagogisk litteratur i engelsk, norsk og matematikk. På spelrommet kan ein spele brettspel, Nintendo DS, Playstation3 eller Nintendo Wii. Biblioteket har óg eit utval konsollspel til heimlån. I tillegg har biblioteket eit studierom ein kan låna. Snakk med dei i skranken når du kjem!

Adresse

Rong senter
5337Øygarden

Kontakt

Telefon: 56 38 22 20

Åpningstider

Uke: 04, 20.01 - 26.01Åpningstider
Mandag
10:00 - 15:30
Tirsdag
10:00 - 15:30
Onsdag
10:00 - 15:30
Torsdag
10:00 - 18:00
Fredag
10:00 - 15:30
LørdagStengt
SøndagStengt
Uke: 04, 20.01 - 26.01
neste ›‹ forrige